Gudrun Dalseth har runda 100 år

–Takksam for det gode i livet

Onsdag 7. august runda Gudrun Dalseth 100 år. Dagen blei feira både saman med familien og bygdefolket i Hjelmelandsdalen. Sjølv ser ho tilbake på eit langt arbeidsliv med både glede og sorger. – I dag er eg takksam for dei gode minna, seier 100-åringen.

smiler til livet: Gudrun Dalseth kjenner seg ikkje tynga av den høge alderen. Ho har mange gode minner å tenkje på, eller ho kan tenkje på meiningsfulle dagar ved passering av 100 år. – Eg har det fint her på Elvabøen, og så blir eg henta til dagsenteret fleire dagar i veka. Det er kjekt, seier ho som nyleg har feira med fleire selskap. 

Nyhende

Gudrun Dalseth blei fødd 7. august 1919 på garden Dalseth i Hjelmelandsdalen. Ho var berre fem år då faren døydde. Og ho fekk ein oppvekst med ei mor som måtte drive garden og forsørgje dottera si åleine.