Lesarinnlegg

Vindkraft i Stad kommune?

Det er ikkje berre snakk om vindmøller på Stadt, men i heile Stad kommune. Heile området i bakgrunnen inngår i NVE sitt kart over område eigna for vindkraft. Er det nokon av desse fjellryggane innbyggjarane er positiv til vindmøller på? Vi er nøydde til å rette meir merksemd på dette. Senterpartiet ynskjer god involvering av innbyggjarane.Bilde er frå Veten som syner at alt ein kan sjå på andre sida av fjorden er med i NVE sitt forslag om område der det skal vere enklare å få løyve enn utanfor.  Foto: Privat

Figur 1. Kjelde NVE. 

Nyhende

Det er brått blitt meir synleg for alle, eit stort engasjement mot vindmøller på Stadtlandet gjennom Facebook-gruppa «Nei til Vindmøller på Stadt». Motstanden må også tolkast som del av den generelle aukande motstanden mot utbygging av urørt norsk natur fleire stadar i landet. 

Senterpartiet meiner denne motstanden er på sin plass! At Noreg skal byggje vindmøller for å dekke Europa sitt behov for grøn energi er ikkje berekraftig. Det er difor viktig at vi som nasjon vaknar og trykkjer på bremsa for å finne det rette nivået. Sentralt har Senterpartiet tatt til orde for å gi kommunane vetorett slik at utbygging ikkje kan skje utan positivt fleirtal lokalt.  Dessverre fekk dette forslaget frå Senterpartiet og MDG ikkje støtte frå Regjeringspartia og AP. Vi registrerer no at Krf også ynskjer vetorett for kommunane. Det er bra.

Kva meiner Senterpartiet om vindkraft?

Senterpartiet meiner at all energiproduksjon skal vere basert på lokal / nasjonal offentleg eigarskap til naturressursane og at heimfallsretten vert gjort gjeldande. Difor ynskjer Senterpartiet å utgreie eit forslag til heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vasskraft, og vurdere naturressursskatt på vindkraft som kjem kommunane til gode. Senterpartiet i Vestland har programfesta fylgjande om fornybar energi:

- «satse på framtidsretta energiproduksjon som mikro-, mini- og småkraftverk, vindkraft, bioenergi og hydrogenproduksjon.

- støtte søknader om utbygging av fornybar energi der dette er eit ynskje frå lokale myndigheiter.

- At vindkraft primært skal byggjast ut til havs. Omsyn til landskap og naturkvalitetar skal vege tungt ved vurdering av utbyggingar på land. Føresetnadane skal uansett vere lokal verdiskaping og at det må vere økonomisk forsvarlege utbyggingar.

- at vindkraft på land berre må byggjast i tråd med lokale ynskje og kommunestyrevedtak.»

Stad Senterparti skriv i vårt valprogram for 2019-2023 at vi vil «vere positiv til havvindmøller, bølgjekraft, og vasskraft. Senterpartiet er skeptiske til vindmøller på land.»  Havvindmøller vil heller ikkje vere utan konflikter.  Her må også naturomsyn vege tungt, og ikkje minst må eksisterande fiskeriinteresser gå framfor nye næringsinteresser som vindkraft til havs.

Ut frå vårt program vil Stad Senterparti vere imot nye løyver, eller utviding av eksisterande løyver (Okla) ute på Stadlandet. Etter våre prioriteringar vil vi heller ikkje vere positive til forlenging av løyve når eksisterande løyver går ut.  Dette betyr at utbyggjar i utgangspunktet må vere førebudd på å ta ned vindmøllene og stå for tilbakeføring for eiga rekning.

Løyve som er gitt, er blant anna tufta på bakgrunn av eit kommunestyrevedtak med 16-1 fleirtal. Kommunen må sikre at grunneigarane vert ivaretatt i den vidare prosessen og at alle vilkår blir innfridde. Kommunen bør også spele på lag med motstandarane for å sikre gode svar på dei spørsmål som sår tvil over vedtaket sin gyldigheit.

Utover dette meiner Stad Senterparti at vi må rette meir merksemd mot NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraftutbygging på land. Olje- og energidepartementet (OED) gav i brev av 9.2.2017 Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å lage et forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land.  Eit av områda inkluderer komande Stad kommune heilt frå Haugen – Bryggja, og vidare til og med Tarvaldseggja ovanfor Selje (sjå kart). Her har vi påverknadskraft. Fristen er 1. oktober for svar. Vi har difor dårleg tid for å undersøke kva folket meiner om dette.   Er det like stor motstand mot etableringar i desse områda? Eller er det nokon areal som både er eigna og har støtte blant folket som bur der? Viktig å få gode involverande prosessar for unngå konflikter i framtida. 

Som hovudregel skal det vere vanskelegare å få løyve utanfor desse områda.  Men det er viktig å merke seg at NVE tenkjer seg nokon unntak: Dette gjeld «små vindkraftverk nær eksisterende infrastruktur og reetableringer og utvidelser av eksisterende vindkraftverk».

Stad Senterparti vil ta initiativ til at Selje og Eid kommunar:

- gir innspel om at det bør vere vanskelegare å forlenge / få nytt løyve utanfor områda. Dette blir viktig dersom Okla blir bygd ut.

- gir innspel om at nasjonal ramme for vindkraft på land må sjåast i samanheng med plan for vindmøller til havs.

- gir innspel som gjev tidleg melding om Stad kommune sine vurderingar av området som omfattar Stad kommune og nært omland.

- At kommunane må ha vetorett slik at inngrep ikkje vert gjort mot lokal vilje.

- At det må på plass nasjonalt regelverk som set vindmøller i ein meir fornuftig konkurransesituasjon med annan fornybar kraft slik som vasskraft. Det bør vere meir gunstig å effektivisere dagens vasskraft.


NVE sitt framlegg til vindkraftplan

 

 

 

Sterkt engasjement på folkemøte

Kompakt motstand mot Okla vindpark

 

 

 

Lesarinnlegg

Vindturbiner




Venstretopp om Okla vindpark

Bør forhalde seg til faktagrunnlaget

 



Aukande motstand mot vindkraft på Stadlandet

–Fullstendig øydeleggande