Tre fekk gebyr

Statens vegvesen hadde kontroll på Lefdal tysdag, og tre sjåførar fekk gebyr.

Statens vegvesen hadde kontroll på Lefdal.   Foto: Arkiv

Nyhende

Under kontrollen på Lefdal tysdag var det tungtransport og køyre og kviletid som stod i fokus hos Statens vegvesen. Til saman 15 køytretøy vart kontrollert, medan 65 køyretøy var inne på kontrollplassen. Det vart skrive ut totalt tre gebyr for manglande. To av desse var grunna mangel på dokument og sjåførane fekk gebyr på 500 kroner, medan ein sjåfør fekk eit gebyr på 8000 kroner for bombrikke. I tillegg måtte to førarar sikre lasta betre før vidare køyring.