Pårørande:

-Tenesta er ikkje forsvarleg

– Det er ikkje med lett hjarte ein gjev tilbakemelding på dårlege og uforsvarlege forhold. Men det er nødvendig for dokke har ansvaret for pleie og omsorg til noko av det kjæraste mange har, nemleg foreldra våre.

Sjukefråvær: Påtroppande kommunesjef for helse- og sosialtenestene Barbro Longva og utvalsleiar Lars Svein Drabløs. Kommunesjefen ønskjer ikkje å gje kommentarar til saka. Utvalsleiar Drabløs, seier at han på vegner av utvalet vil be om ei utgreiing frå administrasjonen. Arkivfoto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dette skriv Margunn Melheim i eit brev til politikarane i Eid kommune, og stiller samstundes spørsmål om kva for kvalitative forbetringstiltak har politikarane i Eid kommune tenkt å gjennomføre, og når skal tiltaka gjennomførast.