På sykkelsetet rundt om i Stad kommune

Ikkje ein trygg skuleveg

– Det er tryggare å vere to når vi syklar for bilane slakkar ikkje ned. Ved å prøve å sykle sjølv og sjå korleis det faktisk er, då ser ein at dette faktisk ikkje går.

Sykkelveg: På denne strekninga er det ei fartsgrense på 80, sjølv om mange barn har dette som skuleveg. Ifølgje Mariann Vereide Botn, leiar i Stårheim Bygdelag (t.v.), Jan Vidar Smenes og Siri Sandvik (t.h.) slakkar ikkje bilane ned på farten sjølv om ein syklar eller går på strekninga.   Foto: Olin Maria Yri

Trygge skulevegar bør vere prioritet nummer ein når det gjeld samferdsel.

Siri Sandvik
Nyhende

Det seier Siri Sandvik (Stad Arbeidarparti). Ho driv for tida å syklar rundt om i nye Stad kommune. Målet er å bli betre kjend med den nye kommunen på ein berekraftig måte. På vegen har ho lagt inn nokre stopp der ho møter folk rundt om i bygdene. Fredag sykla Sandvik saman med Jan Vidar Smenes frå Navelsaker til Kjølsdalen. Eit av dei innlagde stoppa fredag var Stårheim, og Sandvik og Smenes møtte Mariann Vereide Botn, leiar i Stårheim Bygdelag. Fokuset her var på trygg skuleveg og gang- og sykkelveg.