Eid kommune set dagsorden på Arendalsveka

Eid kommune er medarrangør på ein av hovuddebattane under Arendalsuka 2019, Noregs største og viktigaste politiske møteplass.

Eid kommune er saman med Norges Bondelag, KS og Arendalsuka arrangør av debatten «By og land - mann mot mann».   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (Arkiv)

Nyhende

Eid kommune er saman med Norges Bondelag, KS og Arendalsuka arrangør av debatten «By og land - mann mot mann» onsdag 14. august, med distriktspolitikk som tema.

– Det er gledeleg og viktig at distriktspolitikk står sentralt på dagsorden under Arendalsveka, og at Eid kommune er med å løfte temaet ved inngangen av valkampen, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Eid-ordføraren skal på scena og debattere distriktspolitikk med mellom anna Kommunalminister Monica Mæland (H), Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, Bondelags-leiar Lars Peder Bartnes og KS-leiar Gunn Marit Helgesen. Debatten finn stad i Arendal kultur- og rådhus onsdag 14/8 og blir strøyma på nett.

Også andre representantar frå Eid/nye Stad kommune skal i elden under Arendalsveka. Barnevernsleiar i Eid, Bjarte Gangeskar, skal delta i paneldebatt om barnevern saman med mellom anna Barneombod Inga Bejer Engh og Statssekretær Jorunn Hallaråker i Barne- og familiedepartementet.

Rådmann i Selje og kommunalsjef i nye Stad kommune, Kristine Dahl, skal innleie på temamøte under Arendalsveka både om nye typar innbyggarretta tenester i kommunane og om utvikling av reiselivet som berekraftig næring.

– Vi skal vere stolte av at dyktige fagpersonar i Eid/Stad kommune blir lagt merke til nasjonalt og henta inn til å delta på Arendalsveka. Det gjev oss høve til å setje dagsorden nasjonalt ut frå vår ståstad i distrikts-Noreg, og gjev våre fagfolk ny kunnskap, nettverk og fagleg påfyll tilbake til eigen kommune, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo.