Denne veka kjem det cruiseskip

Etter eit par veker utan cruiseskip på Nordfjordeid, kjem det onsdag cruiseskip igjen. Då er det klart for AIDAperla.

Onsdag kjem neste cruiseskip til Nordfjordeid.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

AIDAperla har vore på Nordfjordeid fleire gongar denne sommaren, og onsdag kjem cruiseskipet altså igjen til Nordfjordeid. AIDAperla kjem denne gongen frå Flåm, og har ein maks kapasitet på 4350 passasjerar.

Veka etter, torsdag 22. august kjem neste cruiseskip. Då er det Albatros som kjem med maks 536 passjaserar. Dette cruiseskipet kjem frå Olden, og skal berre vere på Nordfjordeid eit par timar om ettermiddagen.

No som sommaren går mot slutten, er desse to cruiseskipa blant dei siste som kjem til Nordfjordeid i år. I tillegg kjem Zenith og Amera. AIDAperla er siste cruiseskip på lista, og kjem att 25. september.

Dei neste cruiseskipa til Nordfjordeid

DatoSkipKjem/reiserPassasjerarKjem frå
14. augustAIDAperla08:00-18:004350Flåm
22. augustAlbatros18:00-20:00536Olden
28. augustZenith08:00-19:001900Bergen
3. septemberZenith08:00-19:001900Hellesylt
15. septemberAmera09:00-18:00800Ikkje oppgitt
25. septemberAIDAperla07:00-18:004350Ålesund