Tidleg krøkast for å bli ein god laksefiskar

Andreas Langeland Dombestein er berre tre år, men allereie ein ivrig fiskar. På Villaksens dag var han ein av fleire unge som fekk prøve fiskelukka i Eidselva.

Andreas Langeland Dombestein (3) klarte nesten ikkje å vente til mor Ingvild Langeland fekk orden på flokane som danna seg på snøret. Trass sin unge alder har han allereie fått smaken på laksefiske i Eidselva, ved å få prøve fisking hjå bestefar på Langeland. I dag var han ein av fleire barn/unge som fekk prøve fiskelukka under Villaksens dag. 

Nyhende

I dag ettermiddag blei Villaksens dag arrangert i Eidselva. Eit arrangement som i år har funne stad ved 28 fiskeelvar i landet vårt, i samband med at det i år er Villaksens år.