Lanserer nytt stort hytte- og leilegheitsprosjekt i Hjelmelandsdalen

Utbygging for 100 millionar kroner

Per dags dato, er der omsett i infrastruktur og hytter for om lag 370 millionar kroner. Det nye feltet Kviehogane hyttefelt vil omsette for om lag 100 millionar kroner.

Spaden i jorda: Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS, er klar for lansering av 16 hyttetomter til interesserte kjøparar. Komande onsdag er det lansering og offisiell opning av det nye hyttefeltet der det kan bli investert i infrastruktur og hytter til ein verdi av 100 millionar kroner. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier dagleg leiar i Din Bustad AS, Vegard Meland som komande onsdag inviterer til offisiell opning av det nye hyttefeltet i Kviehogane som vil bestå av totalt 16 hyttetomter og om lag 20 fritidsleilegheiter.