Russen gjev bort 26.000 kroner

Eidarussen 2019 har valt å gje overskotet sitt til Nordfjordeid Sanitetsforening.

Gåve: Eidarussen 2019 har bestemt seg for å gje overskotet til Nordfjordeid Sanitetsforening, noko sanitetsforeninga set stor pris på. Frå venstre: Liv Stokkenes Jacobsen, leiar i Nordfjordeid Sanitetsforening, Sigrid Haug, økonomi sjef for Eidarussen, May Britt Henriksbø, kasserar i Nordfjordeid Sanitetsforening, Birk og Liv Marit Øvstebø, varamedlem i Nordfjordeid Sanitetsforening.   Foto: Olin Maria Yri

Det har vore viktig for oss at vi skal gje så mykje som mogleg til nokon som treng det.

Sigrid Haug
Nyhende

– Vi hadde eit ønskje om å gje pengane il nokon som ikkje hadde fått det tidlegare og som gjere noko positivt for andre. Vi landa på Nordfjordeid Sanitetsforening, som gjer mykje positivt arbeid. Det var også viktig at det gjekk til noko lokalt, fortel Sigrid Haug, som var økonomi sjef for Eidarussen 2019.