No er det slutt på varmen

Det ser ut til at det varme sommarvêret er over for denne gong.

Fredag og laurdag ser ut til å bli dei finaste dagane på ei stund. Frå søndag av kjem regnet og kaldare temperaturar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei siste vekene har det vert mykje sol og varme, som har ført til at også temperaturane i sjøen har vore gode. Badestrendene rundt om i Nordfjord har vore fulle av både store og små. No ser det ut til at dette er slutt for no, og det ligg an til å bli ein god del kaldare og periodar med regn den komande tida.

Fredag og laurdag ser ut til å bli dei finaste dagane på ei stund med både litt sol og temperaturar opp mot 20 grader i området ifølgje Yr. Søndag vert også ein ganske varm dag på rundt 20 grader, men det ser ut til at det skal regne ein god del gjennom dagen.

Frå måndag av ligg det an til å bli ein god del kaldare, og temperaturar under 15 grader vil melde seg. Gjennom komande veke ser det ut til at det skal regne og temperaturane kjem til å halde seg mellom 13 og 16 grader fram til laurdag 17. august, ifølgje Yr.