Hamsun og Undset støver ned i hylla

Størst nedgang i utlån ved Eid bibliotek finn vi i skjønnelitteratur til vaksne. Ei halvering frå 2,54 bøker til 1,15 bøker per person.

Står i hylla: Vaksne som låner skjønnlitteratur ved Eid bibliotek har blitt meir enn halvert sidan 2001. 

Nyhende

Vaksne som låner skjønnlitteratur ved Eid bibliotek har blitt halvert dei siste atten åra. I perioden 2001 til 2007 lånte kvar eidar i snitt 2,54 bøker innan skjønnlitteratur, medan dette blei redusert til 1,15 bøker frå 2010 til 2016. Dette er meir enn ei halvering. Året 2016 var det utlån på berre 0,6 skjønnlitterere bøker per vaksen person i Eid kommune.