Berre rundt ein av seks spurte seier ja

Få vil vere i soknerådet

Når ein nytt sokneråd skal på plass blir det mange telefonar til folk i bygda. Men dei færraste vil stille i dette rådet for kyrkja.

Råd for kyrkja: Kyrkja treng eit sokneråd for å halde styr på oppgåver på grasrotplan. Men få vil stille i dei ulike sokneråda i Eid kommune, der noverande medlemmer har lagt ned eit tidkrevjande arbeid for å få på plass vallister. For nokre år sidan blei også stillinga som klokka fjerna i Eid kommune, så no må medlemmer av sokneråda gjere tilrettelegging i høve til gudstenester.   Foto: Arkiv

Nyhende

Samstundes med kommune- og fylkestingsval er det også soknerådsval. I Eid kommune betyr det val av nye medlemmer til sokneråd i Eid sokn, Stårheim sokn og Kjølsdalen sokn. Men å få på plass medlemmer har blitt ei utfordring. Reidun Borgestrand går snart av etter åtte år som leiar i Stårheim sokneråd.