Magne Aasbrenn:

Distriktskontora i NRK er viktige for språkmangfaldet

Færre distriktskontor i NRK kan bli dramatisk for nynorsken, meiner leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

–I dag er NRK Sogn og Fjordane i ei særstilling på tekstproduksjon til nett på nynorsk, med NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal litt bak. Dette er viktige miljø, og dei er det viktig å ta vare på, seier Magne Aasbrenn.  Foto: Noregs Mållag

Nyhende

–Når NRK no vil slå saman distriktskontor, er det viktig å hindre at det skjer på kostnad av nynorsk i journalistikken. Den noverande distriktskontorprofilen er svært viktig for den samla nynorskproduksjonen i statskanalen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.    

NRK Sogn og Fjordane har planar om eit nytt, felles hus med Firda, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og fleire andre. Målet er å bli eit kraftsentrum for journalistikk på nynorsk. Det må ikkje stogge med ei samanslåing, meiner Magne Aasbrenn.

–Desse planane bør få støtte, fordi dei vil vere avgjerande for å halde oppe det språklege mediemangfaldet i Noreg.

 NRK bruker svært mykje meir nynorsk enn dei andre riksdekkjande redaksjonane. Ein analyse bestilt av Medietilsynet viser at NRK bruker fire gonger meir nynorsk enn andre mediehus gjer.

–Dette er ein direkte konsekvens av at mange av dei andre store mediehusa i Noreg har eit uttalt forbod mot redaksjonell bruk av nynorsk. På dette området er med andre ord NRK heilt avgjerande for at det skal eksistere eit språkleg mangfald - forstått som at både nynorsk og bokmål er til stades som bruksspråk i riksdekkjande medium, seier Magne Aasbrenn. 

 Rapporten viser òg at NRK skil seg frå dei andre store mediehusa ved å dekkje Noreg utanfor hovudstaden langt grundigare. Magne Aasbrenn meiner det må halde fram.

–Distriktskontora i NRK bør bli styrkte i åra som kjem, for dei er heilt avgjerande for distriktsprofilen, seier Magne Aasbrenn.

–I dag er NRK Sogn og Fjordane i ei særstilling på tekstproduksjon til nett på nynorsk, med NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal litt bak. Dette er viktige miljø, og dei er det viktig å ta vare på, seier Magne Aasbrenn.

 Fleire distriktskontor tek nynorskansvar, som Telemark, Buskerud, Rogaland og Hedmark og Oppland, men NRK Sogn og Fjordane er heilt i front i å produsere saker på nynorsk. I tillegg driv dei eit aktivt rekrutteringsarbeid for nynorskbrukande journalistar gjennom Nynorsk mediesenter.