Låner mindre frå biblioteket etter flytting frå Eid sentrum

35 prosent mindre utlån etter flytting til operahuset

I åra 2001 til 2007 lånte kvar eidar i snitt 4,21 fysiske medier frå biblioteket. Etter flytting til Operahuset har dette blitt redusert til 2,72 per innbyggjar frå Eid bibliotek.

Låner ikkje: Fjordabladet snakka med sju personar som meiner at Eid bibliotek har ei god plassering, samlokalisert med Eid vidaregåande sitt bibliotek. Men berre to av desse nyttar tilbodet. 

Nyhende

Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Ein nedgang på 35 prosent i åra 2010 til 2016 i høve til perioden 2001 til 2007. Det betyr at kvar person i kommunen har lånt halvanna bok mindre i året etter flytting til nye lokale i Operahuset Nordfjord. (Åra 2008 og 2009 er ikkje teke med på grunn av flytteprosessen).