Tybring-Gjedde besøkte rasråka Jølster

Samfunnstryggleikminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) besøkte dei rasutsette områda i Jølster onsdag.

– Ansvaret mitt som samfunnstryggleikminister er å sørgje for at vi førebygger så godt at faren for å miste menneskeliv blir så låg som i det heile mogleg, sa Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) då ho besøkte Jølster onsdag.  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Det gjer eit stort inntrykk å møte personar som vart ramma av jordraset førre veke, og å sjå skadane det førte til med eigne auge, seier samfunnstryggleikminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) i ei pressemelding.

Statsråden fekk under besøket orienteringar frå lokale styresmakter, politi og frivillige som deltok i handteringa av hendinga 30. juli.

– Hendingane som skjedde her i Jølster og andre stader i fylket for ei veke sidan, var dramatiske. Dessverre er ein person sannsynlegvis omkommen som følgje av raset, seier Tybring-Gjedde.

Vil følgje opp

Ei rekke skred gjekk 30. juli og delte Jølster kommune i to. Fire store skred gjekk over E39, mellom anna ved Vassenden, og eitt over fylkesveg 451. Rundt 150 personar måtte evakuerast, og ein mann i 50-åra er antatt omkommen.

– Ansvaret mitt som samfunnstryggleikminister er å sørge for at vi førebygger så godt at faren for å miste menneskeliv blir så låg som i det heile mogleg. Eg vil følgje opp med regjeringskollegaene mine for å sikre at dei prioriterer arbeidet med å førebygge slike hendingar, seier Smines Tybring-Gjedde.

Kritikk

I ettertid har handteringa av raset fått kritikk, mellom anna fordi berre to politifolk vart sende til Vassenden etter skreda og at fylkesvegen vart gjenopna for tidleg. Tybring-Gjedde lovar at handteringa av raset vil bli evaluert for å sjå på om det er noko som burde vore gjort annleis.

– Det som er heilt sikkert, er at vi må sjå på korleis mobilnettet fungerer. At nettet fell ut er eit tilbakevendande problem. Det er òg viktig at risikoanalysane og planane til kommunen for beredskap og krisehandtering er oppdatert. Eg vil følgje nøye med på oppfølginga til DSB og Fylkesmannen av arbeidet til kommunane med samfunnstryggleik, seier samfunnstryggleikministeren.