Statlege kutt i arbeidsplassar i 237 kommunar

Minst 237 kommunar har frå 2016 til 2018 tapt statlege arbeidsplassar, ifølgje SSB-tal.

I dei fleste tilfella kjem nedgangen i statleg tilsette i distriktskommunar av at politiet og Nav har lagt ned mange av sine kontor.   Foto: Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Nationen har gjennomgått tal frå Statistisk sentralbyrå, og sjølv om det totalt har komme 2.603 fleire årsverk i staten, viser tala likevel at 237 kommunar har fått færre statlege årsverk.

To kommunar har mista fleire enn 100 statlege årsverk, 36 kommunar har mista mellom 10 og 100, 57 kommunar har mista 4 til 9 og 142 kommunar har mista 1 til 3 statlege årsverk. 73 kommunar er uendra, medan 112 kommunar har fått fleire statlege årsverk.

Blant dei 100 minste folkerike kommunane i landet har 59 tapt årsverk, medan berre 8 har tent statlege årsverk. Dei ti kommunane som hadde flest statlege årsverk frå før, har til saman fått 2.773 fleire.

Nærast utan unntak har distriktskommunar, altså små eller spreiddbygde kommunar, nedgang i talet på statlege tilsette. I dei fleste tilfelle kjem det av at politiet og Nav har lagt ned mange av kontora sine, samtidig som nokre statlege arbeidsplassar er gjort private.

Av dei største byane i landet er det Trondheim (+925), Bergen (+733), Stavanger (+450) og Kristiansand (+310) som aukar mest, medan Oslo er det store unntaket. Hovudstaden har tapt 533 statlege tilsette.