Statens vegvesen kontroll

Meld etter å ha stukke av frå kontroll

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde torsdag vart ein førar meldt for å å stikke av frå kontrollen.

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Statens vegvesen gjennomførte kontroll av lette køyretøy/bilbelte i området Kalvåg/Svelgen torsdag. Totalt vart 24 køyretøy kontrollerte.

Ein førar vart meldt for å ha unnadrege seg kontroll ved å stikke av frå kontrollen. Fire bilar fekk mangellapp for tekniske manglar.  Eit køyretøy vart avskilta for manglande EU kontroll. Ein førar vart pålagd å skifte førarkort då dette var uleselig, og ein førar måtte sikre lasta betre før vidare køyring.