Iselin Nybø

Besøkte Eid

Tysdag var forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (Venstre) på Eid vidaregåande skule.

Møte: Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, var denne veka på besøk på Eid vidaregåande skule. Der møtte ho Reidar Grønli (t.v.), rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, Ove Bjørlo, rektor ved Eid vidaregåande skule, Trond Haavik, prosjektleiar på Fjordane Virtuelle Campus, Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, og Åslaug Krogsæter, rådmann i Eid (t.h.).   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister var denne veka rundt om i Sogn og Fjordane. Blant stoppa på vegen var Stryn og Nordfjordeid. På Eid vidaregåande skule møtte statsråden Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, Åslaug Krogsæter, rådmann i Eid, Ove Bjørlo, rektor ved Eid vidaregåande skule, Reidar Grønli, rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane og Trond Haavik, prosjektleiar på Fjordane Virtuelle Campus. Målet var å få innspel til korleis ein kan leggje til rette for ei meir desentralisert høgskule- og fagskuleutdanning. Under besøket fekk Nybø informasjon den desentraliserte sjukepleieutdanninga på Nordfjordeid som vert starta opp no til hausten med sju studentar. Ifølgje rådmannen hadde ein håpt at 15 studentar skulle starte, men grunna dei nye krava som er kome, vart det vanskeleg.