Vil rekruttere fleire unge til laksefiske

Søndag 11. august vert det arrangert familiedag i Jektehola. Eid Sportsfiskarlag og Eid Elveeigarlag håper fleire barn og unge blir med.

Laksefiske: 2019 er villaksen sitt år, og i Norge vert det arrangert ulike aktivitetar med fokus nettopp på det. Eid Sportsfiskarlag og Eid Elveeigarlag arrangerer familiedag og laksen sin dag søndag 11. august. Ifølgje Inge Arthur Refsnes (t.h.), leiar i Eid Sportsfiskarlag og Per Ingvar Langeland (t.v.), styreleiar i Eid Elveeigarlag, er hovudmålet at fleire unge skal bli interessert i laksefiske og få det som hobby.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Lakse-organisasjonane for Atlanterhavet (NASCO) og Stillehavet (NPAFC) har vedteke at 2019 er villaksen sitt år. I samband med dette vert det arrangert ulike aktivitetar gjennom heile året på stadar rundt om i Norge for å sette fokus på nettopp villaksen. På Nordfjordeid vert det arrangert familiedag og villaksen sin dag søndag 11. august i Jektehola. Folk i alle aldrar er invitert til arrangementet.