Festival i Måløy

Tre dagar med Elvis show

For sjette året på rad vert det arrangert Elvisfestival i Måløy frå 8. til 10. august. Då står både nasjonale og internasjonale artistar, kor og musikarar på scena.

Klart for festival: I helga vert det arrangert Elvisfestival i Måløy, med både lokale og internasjonale artistar. Arrangøren er godt i gong med å rigge i stand til festival.  Foto: Tovita Razzi

ordførar på besøk: Til festivalen kjem også ordførar i Tupelo, Jason Shelton, som Elvis er frå. Bildet er tatt i Fair Park, der Elvis hadde sin første «homecoming» konsert etter han var blitt kjent.  Foto: Tovita Razzi

Nyhende

Komande torsdag, fredag og laurdag samlast Elvis Tribute verdsmeistrar og europameistrar seg i Måløy når det vert arrangert heile tre dagar med Elvisfestival. Til saman 100 vokalistar, koristar og musikarar skal ta publikum gjennom nesten 200 Elvis spor på dei tre dagane festivalen vert arrangert.

– Ein skal reise eit stykke for å finne det vi driv med. Vi gler oss veldig, og sit med ei god kjensle om at denne festivalen kan bli den beste så langt, seier Geir Andreas Tharaldsen, som er med å arrangerere festivalen.

Ordførar frå Tupelo

Torsdag er det klart for ulike filmar med Elvis i hovudrolla og to kyrkjekonsertar. Ifølgje Tharaldsen er eine kyrkjekonserten utselt, og den andre på god veg.

Fredag og laurdag vert det to store teltarrangement. Fredag vert det eit stort show med internasjonale tribute artistar som Bill Cherry (USA), Ted Torres (USA), Eddy Popescu (England), Morgan Vøien (Norge) og Isak Søraa (lokal) saman med rundt 30 songarar frå Måløy Songlag.

– Vi tykkjer det er kult at vi har med Måløy Songlag som skal kore på det første showet fredag, saman med internasjonale artistar, seier Tharaldsen.

I tillegg til dette kjem også ordførar Jason Shelton, frå byen Tupelo i USA, der Elvis vart fødd, til festivalen. Grunna dette besøket har showet fredag fått namnet «From Tupelo (Mississippi) to Måløy». Det tykkjer arrangøren er stas.

– Det er ei stor ære for oss å få besøk av ordføraren frå Tupelo, fortel Tharaldsen.

Laurdag kjem Ted Torres til Måløy. For rundt 50 år sidan gjorde Elvis sin første liveopptreden på åtte år, noko som var det første av 800 show i Las Vegas. Torres skal gjere ein kopi av dette, først i Las Vegas, så på festivalen i Måløy.

Det heile vert avslutta med showet «Johnny Be good», der Bill Cherry, Ted Torres, Isak Søraa, Morgan Vøien og Tony Nilsson står på scena samtidig.

Fan klubb på plass

Under årets Elvis festival kjem også Flaming Star, Elvis fan klubb i Norge, med opphavsmann Pål Granlund i spissen. Granlund er den største Elvis-kjennaren i Norge, og har møtt Elvis heile fem gongar. Under festivalen skal Granlund fortelje om sine møter i tillegg til at Flaming Star skal ha stand.

– Han var her i fjor også. Då fekk han nesten 30 nye medlemmar, seier Tharaldsen.

Suksess i seks år

Festivalen i Måløy er blant dei største Elvis festivalane i Norge, og har dei siste seks åra blitt trekkplaster for mange internasjonale musikarar og Elvis fans rundt om i Norge.

– Det kjem ei lang rekke med tilreisande til Måløy denne helga. Vi får 40 bubilar som skal bu midt i sentrum, fortel Tharaldsen.