Sterkt engasjement på folkemøte

Kompakt motstand mot Okla vindpark

Slaget om Okla er ikkje tapt meinte motstandarane på folkemøtet på Stadlandet sist tysdag. Men er det for seint å komme på bana når anleggsarbeidet no skal startast opp?

SVÆRT GODT FRAMMØTE: Det var om lag 100 bygdefolk og andre frammøtte på Ytre Stadlandet grendahus denne fine sommarkvelden. På fremste benk sit ordførar Stein Robert Osdal (KrF). Han meiner at motstand er fånyttes no og vil ikkje tilrå formannskapet å gå inn for å stogge utbygging av Okla vindpark.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

 

Det meinte ikkje Bård Inge Fløde i aksjonsgruppa mot vindkraft på Okla. I innleiinga si gjentok han argument kjende frå media mot det han hevda var meir eit gigantisk industriområde enn ein park. Facebookgruppa har no 2300 støtteerklæringar der mange er frå heile landet.