Statens vegvesen kontroll

Fire fekk mangellapp

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde i Stryn og på Nordfjordeid tysdag ettermiddag og kveld vart det kontrollert 22 køyretøy. Fire køyretøy fekk skriftlege manglar.

Illustrasjonsfoto.  

Nyhende

Statens vegvesen melder at kontrollen starta med sol for deretter å gå over til regnvêr med lyn og torden. Av den grunn, valde kontrollørane å konsentrere oss om lette køyretøy, spesielt med tanke på dekk og lys. Det vart skrive ut to gebyr for manglande medbrakt vognkort. Det vart skrive ut tre mangelsedlar for tekniske manglar. I tillegg fekk ein sjåfør skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket.