Det bøtta ned, og på Meteorologisk institutt sin målestasjonen hjå Per Rune Hildenes vart det målt 44,5 millimeter nedbør i regnbya som starta 17.35 og til han målte klokka 18.10 då regnet hadde byrja å gje seg.
Totalt vart det målt 54 millimeter i løpet av døgnet.
Nedbøren har gjort ein god del skade på grusvegar, og det har vore mange lynnedslag, mellom anna vart ein lyktestolpe i Myklebuståsen øydelagt.
SFE melder om berre ubetydelege ting, ein sikring gjekk slik at nokre kundar berre hadde halv spenning nokre minutt.
Hans Petter Vereide i Eid kommune fortel om sporadiske skadar på grusvegar. Mellom anna var det eit rør som gjekk seg tett på Brekka.