Har brukt åtte månader på klagesak

Purrar på OED om riving

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) har sendt brev til Olje- og energidepartementet der han "purrar" på å få ei avgjerd om riving av 132 kv-linja frå Leivdalen og nordover.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er uroa for at rivinga av 132 kV-linja no blir stadig skyvd på og utsett «på ubestemt tid».  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Bjørlo har blitt kontakta av grunneigarar i Leivdalen som har bede kommunen om å sette trykk på saka for å få framdrift. Klagesaka har no vore til behandling i departementet i åtte månader etter at ho vart oversendt frå NVE.