Søviknes og Hoksrud i Selje

Lovar å pushe på for skipstunnelen

FrP sin fylkesordførarkandidat i Vestland fylke, Terje Søviknes lovar å pushe på for å få Stad skipstunnel på plass.

I dag har Stad FrP besøk av Terje Søviknes, FrP sin fylkesordførarkandidat for Vestland og ordførar i Os kommune og Bård Hoksrud, stortingsrepresentant for FrP og medlem i finanskomiteen på Stortinget. Andre som var med på synfaring var Elisabeth Hoel, 4. kandidat på Stad Frp si liste og Arnt Ove Nilsen, som står på 14. plass, i tillegg til første nestleiar i Vestland FrP, Lars-Svein Drabløs og leiar i Stad FrP, Per Tore Borgund. Frå venstre: Arnt Ove Nilsen, Per Tore Borgund, Bård Hoksrud, Elisabeth Hoel, Terje Søviknes, Anfinn Sjåstad og Lars-Svein Drabløs.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

–Eg har tru på det. Skipstunnelen vil bety noko for delar av skipstrafikken, seier Søviknes.