Valforskar Yngve Flo:

– Fylkestingsvalet i år er eit demokrati-eksperiment

Tvangssamanslåingar drar opp spenninga i forkant av valet, meiner valforskarar. Dei er spente på om svaret blir fleire stemmer eller fleire sofaveljarar.

Tvangssamanslåingar drar opp spenninga i forkant av valet, seier Yngve Flo ved forskingsinstituttet Norce og Universitetet i Berge.   Foto: Skjermdump NRK

Nyhende

Spenninga og uvissa rundt kommune- og fylkestingsvalet er større i år enn nokon gong. At 19 fylke har krympa til 11 og at kommunetalet er kutta til 356, gir valet ein ekstra nerve, meiner ekspertane.