NVE sitt framlegg til vindkraftplan

Vindmøller i Bryggja, delar av Selje og Eid?

NVE la i april fram ein rammeplan for vindkraftutbygging i Noreg med forslag om eigna område for utbygging. Planen vedkjem i høgste grad delar av den nye Stad kommune. Eid Kommune skal ta stilling til planen og komme med si fråsegn innan høyringsfristen 1. oktober.

GODT EIGNA: NVE meiner at Sunnmøre og Nordfjord har gode produksjonsforhold for vindkraft. I eit kraftsystemperspektiv er området veldig godt eigna for ny produksjon, samanlikna med andre område, heiter det mellom anna i framlegget til plan for vindkraft som no ligg ute til høyring.   Foto: Kart frå NVE vindkraft

Nyhende

 

I alt 13 område er rekna som veleigna. Mellom dei eit område som omfattar kommunane Eid, Vågsøy, Selje og delar av Søre Sunnmøre. NVE peikar på gode produksjonsforhold for vindkraft og at konfliktnivået når det gjeld landskap, friluftsliv, reiseliv og kulturminne er lågare i dette området enn i store delar av landet.