Statsråd Iselin Nybø (V) kjem til Eid

Iselin Nybø var også på Nordfjordeid i samband med opning av Sagastad tidlegare i år. Her saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo. 

Nyhende

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) kjem på vitjing til Eid i morgon, tysdag 6. august. Besøket blir på Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord. Hovudtema for besøket vil bli korleis ein kan legge til rette for meir desentralisert høgskule- og fagskuleutdanning i distrikta. Statsråden vil få informasjon om utdanningstilbodet som er planlagt starta opp på Eid til hausten innanfor både høgskule (sjukepleie) og fagskule (elektro og automasjon), og vil bli utfordra på kva som må til for å utvikle denne type tilbod vidare i åra framover.

Dei som blir til stades for å møte statsråd Nybø blir rektor Ove Bjørlo (Eid vgs), rektor Reidar Grønli (Fagskulen i Sogn og Fjordane), Eid-rådmann Åslaug Krogsæter (Eid kommune er vertskommune for desentralisert sjukepleiarutdanning), Trond Haavik (Fjordane Virtuelle Campus) og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).