Nordfjordbrua Anda-Lote:

Bruløysingar klare hausten 2019

Nordfjordbrua AS har gjort avtale med to fagmiljø som skal utarbeide tilrådde forslag til bruløysing til fjordkryssing Anda-Lote. Arbeidet skal starte i august og skal vere ferdig i løpet av desember 2019.

Nordfjordbru: Alfred Bjørlo, styreleiar i Nordfjordbrua AS, og Jan Olav Tryggestad, dagleg leiar i Nordfjordbrua AS, registrerer at det har vore stor interesse blant selskap når det gjeld å utforme løysingar for bruløysing. Totalt kom det inn heile sju tilbod, og 27 ulike selskap stod bak dei sju grupperingane som gav tilbod. Begge foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nordfjordbru: Alfred Bjørlo og Jan Olav Tryggestad meiner det er realistisk at det blir bru over sambandet Lote-Anda innan 2028.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dei to fagmiljøa som no skal utarbeide framlegg til bruløysing er: Dr Tech Olav Olsen i samarbeid med Norconsult AS og Prodtex AS, og LMG Marin i samarbeid med Multiconsult AS. Begge fagmiljøa har brei erfaring og kunnskap om prosjektering og val av konsept for fjordkryssingar. Dei har mellom anna samarbeidd med Statens vegvesen om å finne best mogeleg løysing for kryssing av Bjørnafjorden i Hordaland. Begge fagmiljøa ser føre seg å nytte regionale industrimiljø som partnarar i gjennomføring av Nordfjordbrua.

Steg for steg

–Denne type prosjekt tek tid og grundig planlegging. Først fekk vi laga eit forprosjekt. Deretter fekk vi laga ei trafikk- og fiansiseringsanalyse. No har vi tatt endå eit steg gjennom å inviterer dei fremste fagmiljø innan bruløysingar og bruteknologi i landet til å kome med forslag til løysingar og kostnader. Vi har som sagt skrive kontrakt med to nemnde firma som skal jobbe vidare med desse tinga. Når dette arbeidet er på plass er vi klare for å gå vidare, seier Jan Olav Tryggestad.

27 selskap

Konkurransen om å utarbeide forslag til bruløysing Anda-Lote har vore lyst ut på den offentlege anskaffingsportalen Doffin. Totalt kom det inn heile sju tilbod, og 27 ulike selskap stod bak dei sju grupperingane som gav tilbod.

–For Nordfjordbrua AS har det vore viktig å spele med opne kort i prosessen. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå alle aktuelle selskap på nettopp på dette, seier styreleiar Alfred Bjørlo som meiner ein no har kome til ein milepæl i arbeidet.

Milepæl

– Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom Anda og Lote, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo.

– Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit kort og teknologisk relativt enkelt bruprosjekt som passar godt for mange av dei nye løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor glade for den store interessa for tilbodskonkurransen, og svært spente på løysingane vi no vil få på bordet, seier Tryggestad og Bjørlo.

Best mogleg grunnlag

– Målet vårt no er å få fram eit best mogleg samla grunnlag for å få godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet. Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune, som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, seier styreleiar Alfred Bjørlo og nestleiar i styret, Svein Ottar Sandal.

Ferjeavløysingsprosjekt

Nordfjordbrua AS har tidlegare fått utarbeidd ei trafikk- og finansieringsanalyse for fjordkryssing Anda-Lote som syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling.

Fått klarsignal

Selskapet har også fått klarsignal frå Samferdsledepartementet for å arbeide vidare med planane for realisering av bru Anda-Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt. Når konseptforslaga er klare, vil selskapet gå vidare i kontakten med nasjonale styresmakter om organisering og realisering av bruprosjektet.

Innanfor rammene

–Kva ligg det i at Nordfjordbrua AS har fått klarsignal frå Samferdsledepartementet?

–Det ligg i det at vi har fått tilbakemelding på at vi kan jobbe vidare med prosjektet. Det ligg ikkje nokon lovnad eller noko anna i det. Men sjølv om det ikkje ligg nokon meir i det, så var det viktig for oss å få denne godkjenninga før vi gjekk vidare i prosessen. Eg meiner det ville vore ein tabbe å ikkje få nettopp det på plass. Som alle er klar over så er det staten som eig vegen, og det vil difor vere statlege styresmakter som til sjuande sog siste bestemmer om det blir ferjeavløysing på strekninga Lote-Anda.

–Det som er sentralt for oss no, er å få fram forslag til gode bruløysingar, og eit konkret overslag over kva det vil koste å bygge brua. Når dette er klart vil vi presentere planane. Det er også viktig å seie at prosjektet må inn i Nasjonal Transportplan, seier Jan Olav Tryggestad som understrekar at Nordfjordbrua må ligge innanfor dei økonomiske rammene som staten i dag brukar på ferjedrift på sambandet.

–Dersom vi reknar kva det kostar å drifte sambandet med ferjer som i dag, og ser dette i eit 40-årsperspektiv, så vil noverdien bety ein kostnad på rundt fem milliardar kroner.

Bru frå?

–Når reknar de det som realistisk at ein kan få ferjeavløysing?

–Mange er nok utolmodige, og tenkjer at når ein har fått eit gjennomarbeid prosjekt på bordet, så er det berre å sette i gong med arbeidet. Dagens ferjekontraktar går ut i 2028, så kanskje det er eit realistisk tidspunkt å tenkje seg at ein har ei bru på plass. Men som sagt så er det mange ting som skal på plass før ein kan sette i gong med bygginga.

–Kor lang tid tek det å byggje Nordfjordbrua?

–Heller ikkje enkelt å svare på før vi har fått bruløysingane på bordet. Men vi må nok rekne ein byggeperiode på frå to til tre år, seier Alfred Bjørlo.

Modellar

–Det har blitt nemnt ulike modellar for bygging av Nordfjordbrua. Kva modellar er det vi snakkar om?

–Det er det også for tidleg å seie noko konkret om. Når vi tenkjer ulike modellar, så er det den tradisjonelle at Statens vegvesen står for utbygginga. Ein annan modell kan vere ein OPS-modell (Offentleg Privat Samarbeid), som betyr at Nordfjordbrua AS står for utbygginga.

–I dag betalar trafikantane i overkant av 100 kroner for å kome over fjorden med ferje. Kan vi forvente at noko tilsvarande blir å betale i bompengar?

–Vi må nok rekne med at det blir bompengar. Det er Stortinget som bestemmer om det skal krevjast inn bompengar eller ikkje. På det noverande tidspunkt blir det reint hypotetisk å svare på spørsmålet, seier Bjørlo og Tryggestad.