– Styrk beredskapen og rassikringa

Illustrasjonsfoto, arkiv 

Nyhende

– Rasa i Sogn og Fjordane syner at vi må reversere sentraliseringa av dei lokale politi- og beredskapsfunksjonane og mangedoble rassikringsmidlane, krev Anders Hamre Sveen som er 4. kandidat på Raudt Vestland si  fylkestingsliste.

– Desse hendingane viser at regjeringa har ei distriktsfiendtleg prioritering når dei sentraliserer politi og ikkje tilbakefører nok skattepengar til at kommunane kan ha gode lokale beredskapstenester, seier Raudt-kandidaten.

Sveen hevdar at dagens innskrenka sentrale løyvingar til rassikring i fylket vil gjere at det tek førti år å gjere dei mest nødvendige tiltaka. 

– Regjeringa må prioritere oss ute i distrikta framfor å gje skattelette til dei rike, seier Raud-kandidaten.