Søviknes og Hoksrud kjem til Selje

Tysdag 6. august får Stad FrP besøk av Terje Søviknes og Bård Hoksrud.

Stortingsrepresentant for FrP Bård Hoksrud (biletet) kjem saman med partikollega Terje Søviknes på vitjing til Selje komande tysdag.  Foto: Stortinget-pressefoto

Nyhende

Bård Hoksrud er stortingsrepresentant for FrP og sit i finanskomiteen på Stortinget, og Terje Søviknes er FrP sin fylkesordførarkandidat for Vestland og ordførar i Os kommune.

Hovudtema for besøket er FV 620 Sandvik –Kjøde. Aktørar frå reiseliv og anna næringsliv er inviterte til møte for å fortelje om utfordringane som følgje av den dårlege standarden på FV 620.

Besøket startar ved Kjøde, ved innslagspunktet for Stad Skipstunnel, på nordsida av Stadhalvøya.

Deretter blir det synfaring på fylkesveg 620 Årsheimstranda.

Gjestane skal ete lunsj med næringslivsleiarar frå Stadlandet og på møte med næringslivet om infrastruktur, der mellom anna finansieringsalternativ for FV 620 er tema.