Stengde vegar skaper utfordringar for helsevesenet i Førde

Fleire vegar er stengde etter rasa i Jølster i Sogn og Fjordane, noko som gjer det utfordrande å frakte pasientar og ambulansepersonell frå nord og aust.

Helse Førde melder at stengde vegar gjer det utfordrande å frakte pasientar og ambulansepersonell frå nord og aust.  Foto: Sølvi Kobbeltvedt / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.


 

Sjukehuset i Førde vart umiddelbart sett i beredskap då den første meldinga om jordskred i Jølster kom tysdag.

– Det vart i startfasen sett i verk ressursstyring og styrking av ambulansar sidan tre av Helse Førdes ambulansar vart fanga i rasområdet, utan pasient i bilen, heiter det i pressemeldinga.


 

På grunn av dei stengde vegane er det fleire tilsette som ikkje har hatt moglegheit til å komme på jobb, men alle avdelingane ved sjukehuset er likevel i normal drift, opplyser Helse Førde.

– AMK vil styre pasienttransportane frå Sogn via Høyanger eller direkte til Voss og Bergen. Pasientar frå Nordfjord vil bli sende til Volda og Ålesund ut ifrå medisinsk behov. Luftambulanse og redningshelikopter i Førde og omliggande basar er operative og vil hjelpe til ved behov, heiter det.

Helseføretaket opplyser at det førebels ikkje har vore problem med pasienttransporter frå dei aktuelle rasområda.