Aukande motstand mot vindkraft på Stadlandet

–Fullstendig øydeleggande

Motstandarane av Okla-prosjektet på fjellet mellom Kyrnosa og Kjødsnosa på Stadlandet har verkeleg fått vind i segla og den nærmar seg etter kvart storm styrke.

UNIK NATUR: Bård Inge Fløde meiner at prosjektet Okla er fullstendig øydeleggande for den unike naturen og landskapet på Stad.  

Inntektene frå vindkrafta til kommunen og grunneigarane er småpengar i forhold til øydelegginga

Urørt natur: 

Nyhende

Det viser Facebook-aksjonen som Torkjell Djupedal og Bård Inge Fløde har starta nyleg og som alt har fått nær 1400 (24/7) støtteerklæringar. Engasjementet mot vindkraft på Stad er nok ein del av det omfattande kystopprøret der folk seier eit formidabelt nei til kjempemaster og store naturinngrep til vegbygging.

Øydelegg urørt natur

Bård Inge Fløde meiner at prosjektet Okla er fullstendig øydeleggande for den unike naturen og landskapet på Stad. Han tykkjer at det er uhøyrt at i ei tid der ein har fått ny forståing for naturvern og naturmangfald vil gå for slike naturinngrep som Okla er.

Fløde er fødd og oppvaksen på Stadlandet, og seier at uansett kvar ein går i fjellet på platået vil vindmøllene fullstendig øydelegge opplevinga av urørt natur.


Skadar eige naturgrunnlag

Fløde meiner vidare at ein ikkje treng krafta og at ein ved oppgradering av eksisterande kraftanlegg kan få like mykje straum som frå vindkraft. Han meiner elles at inntektene frå vindkrafta til kommunen og grunneigarane er småpengar i forhold til øydelegginga.

Fløde finn det elles merkeleg at Selje kommune som har turisme som satsingsområde, støttar eit naturinngrep som Okla representerer.

– Det er nettopp urørt natur turistane vil oppleve når dei kjem til Stad. Såleis øydelegg ein eige næringsgrunnlag og det store potensialet som ligg i reiselivet ved å setje opp vindmøller. Prosjektet er faktisk til reell skade for heile Stad-halvøya, avsluttar Fløde.

Har fått løyve

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav i 2013 konsesjon til å byggje og drive Okla vindkraftverk. Olje- og energidepartementet (OED) stadfesta NVEs vedtak i 2015. i 2017 blei så detaljplan og miljø-, transport- og anleggsplan godkjent av NVE.

Ny fornybar kraft

Kraftverket er lokalisert mellom Kyrnosa og Kjødsnosa nordvest for Borgundvåg. Det skal byggjast fem vindturbinar som vil produsere 70 millionar kilowatt (GWh) årleg. Det tilsvarar årsforbruket til om lag 3300 husstandar.

Departementet (OED) har kome fram til at fordelane ved etableringa av eit vindkraftanlegg på Okla er større enn ulempene som tiltaket påfører natur- og kulturmiljø og dyreliv i området. OED har og vektlagt at økonomien i prosjektet er god og at grunneigarar og Selje kommune er for tiltaket.

Kommunen positiv

Selje kommune har heile vegen vore for prosjektet, og ordførar Stein Robert Osdal har tidlegare opplyst at det vert om lag ein million kroner i kompensasjon kvart år til kommunekassa frå det året det vert byggjestart på anlegget.

Eit større anlegg i regi av Statskraft som var planlagt på Hoddevikfjellet ved tusenårsskiftet, fekk ikkje konsesjon av departementet (OED).

Store dimensjonar

Kvar av dei fem turbinane vil ha ei høgd på 94 meter opp til navet, og rotorblada vil ha ei lengd på rundt 60 meter.

Prosjektet er eigd av Falck Renewables Vind AS der italienske Falck Renewables S.p.A. eig 80 % og Svelgen Kraft Holding (SFE) eig 20 %.

Falck Renewables er notert på børsen i Milano i Italia, og har utvikla ei rekkje prosjekt innan fornybar energi i land som Italia, Spania, Frankrike og Storbritannia. Dei er ein del av Falck-konsernet – ein stor industriell aktør.

Det er rundt 40 grunneigarar i alt som vil bli berørte av vindkraftprosjektet. Ein tilkomstveg på tre kilometer vil gå frå Borgundvåg opp til fjellet, og dessutan vil det mellom turbinane vere to kilometer veg. Elektrisiteten som blir produsert vert ført i jordkabel ned til nettet i Borgundvåg.

Det er førebels ikkje starta opp med anleggsarbeid.