Doblar omsetninga:

Har julehandel i juli – isbitar og chips går unna

– Malakoffveka er ganske heftig. For oss er det den største veka i året, der vi doblar omsetninga vår, seier Einar Hildenes ved Rema 1000 på Nordfjordeid.

Julehandel i juli: festivalveka går det mykje chips, isbitar, brus, øl og vatn, konstaterer Dina Karin Bjørkedal og Einar Hildenes ved Rema 1000 på Nordfjordeid.   Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Eit år bestilte vi for lite isbitar. Då gjekk dei på grønsaksblandingane.

Nyhende

Han påpeikar at salet er stort gjennom heile sommaren, men at Malakoffveka er spesiell. Mange kjem heim for å vere med på festival i heimbygda, og kjøleskap og frysarar vert fylt opp av dei som får besøk.