Sel sveler til turistane

Sparar til ny båt

Olai Kvandal Totland, Vetle Totland Raddatz og Tuva Totland Raddatz er på ferie hos besteforeldra og sel sveler til cruiseturistane.

Vetle Totland Raddatz,Tuva Totland Raddatz og Olai Kvandal Totland ser sveler til turistane som berre det. Olai er den som har hatt ideen, og planlagt i fleire månadar.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

I det cruiseturistane går av kaia er det første som møter dei «Olai’s Waffle Garden» med Olai Kvandal Totland, Vetle Totland Raddatz og Tuva Totland Raddatz som ivrige lokkar dei til seg ved sal av «norske sveler». Dei tre var på plass måndag då AIDAprima var på Nordfjordeid, og onsdag var dei på plass igjen då Norwegian Spirit kom til bygda. Dei fortel til Fjordabladet at dei skal stå her gjennom Malakoff også.