Knirkefri jubileumsfeiring

Countryfestivalen i Breim hadde 16.900 konsertbesøk, då den 25. festivalen gjekk av stabelen i helga. Festivalen sjølv seier dei er ein av dei mest suksessrike, og at dei no har funne forma.

Suksess: Den 25. countryfestivalen i Breim hadde 16.900 konsertbesøk og går inn i rekka som ein av dei mest suksessrike.   Foto: NCT / Runar Sandnes

Nyhende

Festivalsjef Arve Kleppe seier i ei pressemelding at arrangementet har gått nærast knirkefritt, og stemninga har vore på topp.

16.000 besøkande

Den 25. countryfestivalen i Breim hadde 16.900 konsertbesøk og går inn i rekka som ein av dei mest suksessrike. Likevel var det færre som ville overnatte på festivalen, men dei tok seg heller ein dagstur innom for å sjå artistane spele.

– Det er noko færre gjester på campinga enn i fjor, men vi er langt over dei føregåande åra. Samstundes selde vi mange fleire dagbillettar spesielt på laurdag, då Emmylou Harris spelte, seier Kleppe.

Han er òg klar på at festivalen no har funne sin form og ikkje ynskjer å vekse seg større. Planen for neste års festival skal allereie vere i gang, sjølv om Kleppe framleis vil vere taus om dette. (NPK)