Måndag kjem det nytt cruiseskip

Til veka kjem det til saman to cruiseskip til Nordfjordeid.

Måndag er det klart for nytt cruiseskip, og denne gongen er det AIDAprima som kjem til bygda. Her frå då AIDAperla var på besøk.   Foto: Olin Maria Yri (arkiv)

Nyhende

Måndag 15. juli kjem neste cruiseskip til Nordfjordeid. Denne gong er det AIDAprima, som har plass til 4340 passasjerar, som kjem. Cruiseskipet kjem rett i frå Kiel, og Nordfjordeid ser ut til å vere det første stoppet i Norge.  

Onsdag 17. juli, to dagar etter at AIDAprima har vore på Nordfjordeid og dagen før Malakoff startar, kjem endå eit cruiseskip. Då er det klart for Norway Spirit, med sine 2639 passasjerar.  Dette cruiseskipet kjem i frå Geiranger.

Med AIDAprima og Norway Spirit på plass måndag og onsdag, kjem det altså to cruiseskip på ei veke til bygda.

Oversikt over komande cruiseskip

DatoSkipKjem/reiserPassasjerarKjem frå
15. juliAIDAprima11:00-21:004340Kiel
17. juliNorway Spirit07:00-18:002639Geiranger
23. juliZenith11:00-21:001900Hellesylt
24. juliAIDAperla07:00-18:004350Ålesund
28. juliAlbatros18:00-20:00536Olden
30. juliAIDAprima10:00-20:004350Bergen
31. juliZenith08:00-19:001900Bergen
14. augustAIDAperla08:00-18:004350Flåm
22. augustAlbatros18:00-20:00536Olden
28. augustZenith08:00-19:001900Bergen
3. septemberZenith08:00-19:001900Hellesylt
15. septemberAmera09:00-18:00800Ikkje oppgitt
25. septemberAIDAperla07:00-18:004350Ålesund