Eid Gatematfestival

Tusenvis stod i matkø

I strålande sol var Eidsgata fylt til trengsel i dag laurdag.

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Då den tredje gatematfestivalen gjekk av stabelen var det tusenvis som stilte seg i kø, og nesten bokstaveleg "åt seg gjennom" gata. Her fekk ein alt frå ein norskvariant av lammekebab og fylte klippfiskbollar frå Vestkapp restaurant til, ostekaker, tørrfisk, kyllingspyd, kjekjøt, tapas. Alt laga som gatemat.