Lakse- og sjøaurefiske i Eidselva

Meir storlaks og aure enn i fjor

Laksefisket så langt i år skil seg ikkje nemneverdig frå fjorårssesongen så langt. Til og med veke 27 er det fanga meir stor laks i år enn for tilsvarande periode i 2018-sesongen.

Brukbar sesong: Fisket etter laks i Eidselva har så langt denne sesongen vore bra. Starten på fjorårssesongen var bra fram til vi fekk tørke og varme. Får vi ikkje ein like nedbørfattig og varm sommar i år, borgar det for ein sesong som blir betre enn fjorårets sesong. Bilete er frå starten av sesongen i 2018. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende


Så langt i år er det landa 130 laks i vektklassane frå tre til sju kilo, og laks over sju kilo, med ei samla vekt på 933 kilo. På same tid i fjor vart det landa 143 laks i dei same vektklassane, då med ei samla vekt på 967 kilo. Det som kanskje er mest gledeleg er at det ser ut til å vere langt meir sjøaure i elva denne sesongen enn kva tilfellet var i 2018-sesongen, iallfall om vi skal legge fangstrapportane til grunn. Fram til og med veke 27 er det meldt om 58 sjøaurar med ei samla vekt på 94 kilo, mot 26 med ei samla vekt på 49 kilo i tilsvarande periode i fjor. For perioden var snittvekta i 2018 på 1,88 kilo for sjøauren. Tilsvarande for årets sesong er 1,62 kilo.