Bil med tilhengar i fjellveggen

Ein bil med tilhengar har køyrt i fjellveggen no i morgontimane laurdag.
Nyhende

Ulykka er ved Kjøshammartunnelen på E39 i Hornindal, og skjedde like før halv åtte om morgonen laurdag. Politiet opplyser at det ikkje er meldt om personskade. Eit køyrefelt er stengt.

Siste: Ifølgje NRK Sogn og Fjordane skal bilføraren ikkje ha vore på staden då politiet kom fram. Statens vegvesen melder om mindre skadar på tunnelen.