Nytt treningssenter

Treningskjede til Eid

Rolf Sandøy Os realiserte draumen sin om å opne treningssenter, då Instinct Nordfjord opna i juni etter fleire månadar med hardt arbeid.

Trening: Rolf Sandøy Os frå Vereide har opna nytt treningssenter på Nordfjordeid. Alle foto: Olin Maria Yri 

Nyhende

Rolf Sandøy Os er opphavleg frå Sandane, eller Vereide om ein skal vere heilt presis. Han har i over tolv år hatt ei stor interesse for trening og då spesielt løfting av vekter, som også har utvikla seg til ein draum om å starte eit eige treningssenter som andre kan ha nytte av. I november tok han fatt på denne draumen, og i juni opna dørene til det nye treningssenteret Instinct Nordfjord på Nordfjordeid. Senteret er ein del av treningssenterkjeda Instinct som har sitt opphav på Sørlandet.