NRK SommarLutt er tilbake i sentrum

Etter eit år med pause, er NRK SommarLutt attende som direktesendt radiokonsert frå sentrumscena på Malakoff Rockfestival.

Klare for NRK SommarLutt: Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle er programleiarar for NRK SommarLutt direkte frå sentrumsscena på Nordfjordeid.   Foto: Alf Vidar Snæland, NRK

Dette gler vi oss veldig til. Vi har med oss eit solid knippe med fantastiske musikarar frå Sogn og Fjordane.

Nyhende

Artistar som Vilnes, Svelekameratane, Silo, og Maren Myklebust Holmberg er blant artistane som står på scena når SommarLutt er tilbake. Konserten sender NRK Sogn og Fjordane direkte på radio fredag 19. juli. Konserten er ein del av Malakoff sin nye gatefest som vert arrangert på fleire scener i sentrum på Nordfjordeid denne dagen.

P3-stjerner

– Dette gler vi oss veldig til. Vi har med oss eit solid knippe med fantastiske musikarar frå Sogn og Fjordane. Dessutan får vi andre gøye gjester på besøk også. Mellom anna kjem Silje og Ronny frå NRK sitt P3-morgen til SommarLutt-scena. Det seier Stian Sjursen Takle som er programleiar for showet saman med Tone Lin Støfring Skovro.

Variert knippe

Det er eit variert knippe artistar som kjem innom scena denne timen. Vilnes frå Atløy er akkurat no aktuell med ny musikk. Dei unge bluesartistane i Silo frå Bremanger har turnert USA og vunne Union bluescup. Svelekameratane gjer comeback etter ei lita pause frå Malakoff. Maren Myklebust Holmberg frå Eid kjenner vi best frå den talentfulle gruppa «Indigo Child,» men denne gongen stiller ho som soloartist. Fleire andre artistar vil også bli klare før NRK SommarLutt.

Finn-Erix direkte

NRK Sogn og Fjordane sender også morgonsendinga si denne fredagen direkte frå Malakoff Rockfestival.

Då går også fredagspanelet direkte frå Eid, og kanalen inviterer publikum til å ta frukosten saman med dei.

Laurdagen vert det ekstra festivalsending frå Malakoff sitt område på radioen i Sogn og Fjordane. Der får du mellom anna høyre delar av konserten til Finn-Erix, som arrangerer verdas største basar direkte på festivalen og i radioen. Du vil sjølvsagt også i alle sendingane få stemning frå festivalområdet, backstage og frå campen, opplyser Stian Sjursen Takle.