Kjell Einar Skrede føler seg grovt trakassert:

Har meldt sentrale leiarar i Eid kommune

– Eg har politimeldt fleire sentrale personar i den administrative leiinga i Eid kommune, i tillegg til ein sentral politisk leiar.

Politimeldt: Kjell Einar Skrede har politimeldt fleire sentrale leiarar i Eid kommune. – Bakgrunnen for at eg melder desse forholda er at metodisk trakassering og forfølging mot enkeltpersonar frå ein kommune må få følgjer. Eg oppmodar politikarane om å setje i gong ei ekstern gransking av arbeidstilhøva i kommunen, seier Kjell Einar Skrede til Fjordabladet  Foto: Tormod Flatebø

Eg gjer dette fordi det er rett, og fordi det er gjort urett mot meg.

Nyhende

Det seier Kjell Einar Skrede og viser til at politimeldinga er etter paragraf 266 i straffelova.