LO sin sommarpatrulje

Eid blant dei beste i Nordfjord

LO sin sommarpatrulje besøkte denne veka ulike bedrifter rundt om på Nordfjordeid.

På besøk: LO sin sommarpatrulje reiser rundt til bedrifter i landet. Måndag og tysdag var dei på plass på Nordfjordeid. Frå venstre: Marthe Brendefur, Pål Gjøran Blom, Sagal Abdullahi Ahmed, Thor Erlend Mehammer, Jostein Vedvik, Jonas Risnes Øyre, Sandra Edith Tenud, Sindre Hornnes og Helene Hundeide. Foto: privat 

Nyhende

I 30 år har LO sin sommarpatrulje gått rundt til bedrifter i landet for å sjekke korleis det står til med ungdommane og sommarhjelpene. Den siste tida har ein gjeng på rundt ti personar vore rundt i bedrifter i Nordfjord, og måndag og tysdag denne veka var det Nordfjordeid som stod for tur.