– Vi har følgd kvarandre gjennom livet

Dei har vore brevvennar sidan 1959, svenske Eivy og eidajenta Astri. No 60 år etter held dei framleis kontakta. – Vi har mange år å mimrast over når vi møtast, smiler dei.

Vennar i 60 år: F.v. Eivy Johansson (75 ) og Astri Elvebakke (76) begynte å skrive brev til kvarandre for seksti år sidan. Gjennom åra har det vorte eit nært venskap, og dei har besøkt kvarandre fleire gongar. Akkurat no er Eivy på besøk i Ervik.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vi har halde kontakta heile tida.

Nyhende

Vennskapet starta då Lennart Hyland i radioprogrammet Morokulien slo eit slag for at svenskar og nordmenn skulle etablere brevkontakt med kvarandre. Mange skaffa seg den gong brevvennar, men for Astri Elvebakke og Eivy Johansson vart det eit evig vennskap.