Helse Førde:

Endra framdrift for prehospital plan

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde tek noko lenger tid enn tidlegare tenkt. Tanken er å slutthandsame planen i styremøte 16. desember.

Arve Varden er administrerande direktør i Helse Førde.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Med bakgrunn i innspel som har komme i prosjektet, har administrerande direktør Arve Varden  avgjort å bruke noko meir tid på arbeidet med ein ny plan for det prehospitale området i Helse Førde.

Høyring i september

Slik det ser ut no vil utkast til plan bli sendt på høyring 26. september, etter at det er presentert for ordførarane i eit møte med politisk leiing i kommunar og fylkeskommune. Deretter vil det bli ein høyringsperiode på åtte veker før saka kjem til endeleg avgjerd i siste styremøte før jul.

– Helse Førde er klar over at dette er ein plan som er viktig for kommunane og innbyggjarane. Vi håpar tidsplanen føretaket no legg opp til, vil gje rom for ryddige prosessar i kommunane, samt at føretaket får nødvendig tid til å vurdere innspela som kjem, seier Varden.

Nye dialogmøter

Kommunane blei orienterte om at framdriftsplanen er endra i eit brev denne veka.

– Helse Førde opplever at arbeidet i prosjektet har gått svært godt. Kommunikasjonen med kommunane i regionrådsmøta og andre møtepunkt gjennom vinteren og våren har vore konstruktiv og gjensidig lærerik, seier Varden.

I tillegg til høyringsrunde og dialogmøte med ordførarane, er Helse Førde innstilt på å møte kommunane i regionråda til hausten for å orientere om høyringsutkastet og få tilbakemeldingar. Føretaket seg også føre seg å møte enkeltkommunar som ønskjer det.

Det prehospitale området omfattar bil-, båt- og luftambulanse samt AMK.