Første fellestur

Alle fire sanitetsforeiningane samla

Heile 80 turgåarar blei med på tur då dei fire sanitetsforeningane i nye Stad kommune for første gong reiste på tur saman.

Suksess: Alle dei fire sanitetsforeiningane i nye Stad kommune var på fellestur for første gang - til stor suksess og glede.   Foto: privat

Ein håper alle skal ha fått frisk luft, hatt hyggeleg samvær med andre og opplevd gleda av fysisk aktivitet og fellesskap.

Sosialt: Sosialt på tur med hyggeleg samvær. 

Idyllisk: «Draumeplassen ligg idyllisk til ved Lefdalsvatnet.  Foto: privat

fellestur: Heile 80 vart med på fellesturen med dei fire sanitetsforeiningane frå Nordfjordeid, Kjølsdalen, Bryggja og Selje.  Foto: privat

Nyhende

Bryggja sanitetsforeining og Kjølsdalen sanitetsforeining inviterte nyleg Selje sanitetsforeining og Nordfjordeid sanitetsforeining med på onsdagstur til Lefdalsvatnet.

Idylliske omgjevnadar

– Vi gjekk i fleire grupper inn til gapahuken «Draumeplassen» som ligg ved Lefdalsvatnet. Vi opna bommen på skogsgrusvegen. Alle som ville fekk køyre inn eller gå inn til vatnet, fortel Randi Husevåg i Bryggja sanitetsforeining og Jorunn Breiteig i Kjølsdalen sanitetsforeining.

I idylliske omgjevnadar vart det servert grillmat, kaffi og kake til dei 80 eldre og yngre turgåarane som var med.

– Vêret var fint og folk kosa seg med prat og kaffi, seier dei.

Kløvertur

På «Draumeplassen» var det også orientert om prosjektet og bygginga av gapahuken av 4H, av Berit Kongsvik og Oddfrid Vereide.

Dette er ein såkalla Kløvertur som er ein av basisaktivitetane til Norske Kvinners Sanitetsforening. Ein Kløvertur er ein utandørsaktivitet som vert tilpassa dei som skal vere med. Eksempel på Kløvertur er ein rusletur i nærområdet, rullatortur, natursti eller ein trimtur.

Turane kan passe for alle, og er open for at alle skal kunne delta – kvinner, menn, unge, vaksne, og eldre – eldre som bur heime, på bu-/servicesenter eller sjukeheim. Men det er viktig å ta omsyn til dei som er med.

Frisk luft

Etter ein Kløvertur håper ein at alle skal ha fått frisk luft, hatt hyggeleg samvær med andre og opplevd gleda av fysisk aktivitet og fellesskap. Å gå på tur saman kan førebyggje einsemd og isolasjon.

– Etter kvart vil deltakarane forhåpentlegvis ha utforska nærområdet sitt gjennom turglede. I tillegg vil nokon oppleve å få betre styrke og balanse og kjenne seg i betre form, fortel dei.