Slik vert vêret i helga

Dei neste dagane ser ut til å bli fine med både sol og temperaturar på rundt 20 grader.

Det ligg an til å bli nokre fine dagar.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Laurdag er det mellom andre Gatematfestival på Nordfjordeid. Då ser det ut til at det skal vere sol eller lettskya, og opp mot 20 grader på Nordfjordeid, ifølgje Yr. Når dette er sagt, ser det ut til at dei finaste dagane denne veka vert onsdag, torsdag og fredag. Desse tre dagane skal det ifølgje Yr vere dei einaste dagane denne veka med temperaturar over 20 grader og strålande sol. Søndag ligg an til å bli ein dag med skyer og temperaturar på rundt 15 grader.

Neste veke

Neste veke går vi inn i Malakoff-veka. Dei første dagane ser det ut til at det vert både sol og skyer. Temperaturane vil truleg ikkje gå over 20 grader, men vil heller ikkje vere særleg lågare enn 16 grader.

Allergi

For dei som har allergiar mot mellom andre gras, har det dei siste dagane vore moderat pollenvarsel i Sogn og Fjordane store deler av denne veka, ifølgje Astma- og Allergiforbundet (NAAF).