Kjøp av fiskerihamner

Selje kommune har no signert kjøpekontrakt om kjøp av fiskerihamnene Drage, Hoddevik og Røysetstranda.

Kommunen kjøper: Selje kommune kjøper mellom anna fiskerihamna på Drage.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Kystverket har no sendt dei signerte kjøpekontraktar til Selje kommune, underteikna av ordførar Stein Robert Osdal og kystdirektør Einar Vik Arset.

Kystverket ber no Selje kommune betale ut 250.000 kroner for Drage fiskerihamn, 250.000 kroner for Hoddevik fiskerihamn og 100.000 kroner for Røysetstranda fiskerihamn.

Selje kommunestyre har også meldt si interesse for kjøp av fiskerihamna på Ytre Fure, men vil først ved mottak av kjøpekontrakt for hamna ta endeleg stilling til kjøp av hamna.